UtlyserFjord kommune
Region eller fylkeMøre og Romsdal
TypeKunstkonsulentoppdrag
Prosjektbudsjett2 000 000 NOK
Søknadsfrist
Kunstlandskap MIDT – Fjord kommune søker kunstkonsulent
UtlyserFjord kommune
Region eller fylkeMøre og Romsdal
TypeKunstkonsulentoppdrag
Prosjektbudsjett2 000 000 NOK
Søknadsfrist

"Tett på det som betyr noko"
Fjord kommune ligg på Sunnmøre og har 2500 innbyggarar fordelt på sju ulike og levande bygdesamfunn; Dyrkorn, Eidsdal, Fjørå, Norddal, Stordal, Tafjord og Valldal. Frå 2027 vil også Liabygda vere ein del av kommunen.
Kommunen er langstrakt med fjordar og store fjellområde - med grense til kystkommunen Ålesund i vest og til innlandskommunen Skjåk i aust. Store delar av kommune er prega av reiseliv og turisttrafikk, i tillegg til sysselsetting i landbruk, industri, servicenæringar og offentleg sektor. Nær halvparten av arealet på 1191 km2 er verna gjennom Reinheimen nasjonalpark og Geirangerfjorden verdsarv.
Olav på flukt
I 2029 er det tusen år sidan kong Olav Haraldsson flykta innover fjordane på Sunnmøre. Ifølgje Snorre sine kongesoger gjekk han i land i Valldal og flykta vidare til fots opp gjennom dalen og over fjellet mot aust. Denne ferda er vigd stor plass og markerer eit vendepunkt i soga, for det er her Snorre for første gong fortel om underlege hendingar som for å varsle om komande martyrdød. Mange lokale segner og historier er knytt til denne hendinga, og minnesmerke som Olavsvegen, Olavskjelda og Korsbrekka finst og er i bruk også i dag.
Valldalsleia og Valldal 2029
I 2015 vart Valldalsleia godkjent og opna som pilegrimsveg frå Valldal til Nidaros. Valldalseia følgjer i fotspora til Heilag-Olav frå fjord til bratt fjellterreng, frå kyst til innland.
På bakgrunn av flukta og dei lokale tradisjonane om Heilag-Olav i Valldal har Fjord kommune har fått tildelt jubileumsarrangementet i 2029 med tema folketradisjon. Kommunen har signert samarbeidsavtale med Nasjonaljubileet 2030 og hovudprosjektet Valldal 2029 er etablert for planlegging, tilrettelegging og gjennomføring av markeringa. Møre og Romsdal fylkeskommune er også sterkt involvert i jubileumsåret og alle kommunar i fylket blir invitert til å delta. Fjord kommune har ei viktig rolle med å koordinere innsatsen mellom ulike instansar i heile fylket. Hovudprosjektet har også fleire delprosjekt under planlegging og det er utarbeidd ein strategiplan der målet er brei involvering og forankring både lokalt og regionalt. Prosjektet Valldal 2029 er lagt til næringshagen Fjordhagen AS i Fjord.
Samlande prosjekt - felles identitet
Fjord kommune vart etablert i 2020 etter samanslåing mellom dei tidlegare kommunane Norddal og Stordal. Det vil vere viktig for oss at eit kunstprosjekt kan omfamne ein større heilskap for heile kommunen. Vi arbeider kontinuerleg med å skape felles identitet og bygge gode lokalsamfunn og fellesskap på tvers av demografi og geografi.
Vi ser på kunstprosjektet som verdiskaping og beredskap for framtida. Kunst og kultur styrker samfunnet og fellesskapet og skaper trygge møteplassar også i urolege tider.
Verdiar
Prosjektet tek utgangspunkt i verdiane frå Nasjonaljubileet der vi særleg legg vekt på FELLESSKAP – korleis skape eit fellesskap som både toler og verdset ulikskap? og FORNYING – korleis formar vi eit samfunn i spenninga mellom tradisjon og fornying?
Kunstprosjektet blir eit spennande signalprosjekt og eit viktig bidrag til Nasjonaljubileet både nasjonalt og lokalt. Vi ønskjer at lokalsamfunnet får eigarkjensle til verket og at det også kan skape identitet og knyte saman fortid og framtid.
Plassering
Vi har tankar om plassering sentralt i Valldal, som er kommunesenteret. Det var her kong Olav kom i land. Kunstverket skal vere godt synleg i lokalsamfunnet slik at mange kan sjå og oppleve det, både fastbuande og tilreisande. Vi ønskjer å bruke eksisterande område framfor å opprette noko heilt nytt. Aktuelle plasseringar er like ved hovudvegen i kommunesentrum, der det er planlagt eit parkliknande område eller Syltetorget ikkje langt unna, som er første byggetrinn i tettstadutviklingsprosjektet for Valldal. Begge desse stadane er tilgjengelege for mange og også godt synleg like ved den nasjonale turistvegen Geiranger-Trollstigen som går gjennom kommunen og har stor turisttrafikk i sommarsesongen.
Tidsramme
Vi planlegg oppstart i oktober 2026. Det er ønskjeleg med ferdigstilling innan første halvår 2029, i samband med jubileumsmarkeringa i juni 2029. Kunstkonsulenten set opp ein detaljert framdriftsplan i kunstplanen.
Fullstendig utlysing og nærmare informasjon om oppdraget ligg i vedlagt pdf. Søknad skal leverast i søknadsportalen til KORO.
| Prosjektadresse | Fjord kommune, Olavsgata 10, Valldal, 6210 |
| Kontaktperson | Kristi Linge Stakkestad |
| E-post | kristi.linge.stakkestad@fjord.kommune.no |
| Telefon | 41867800 |
| Vedlegg |