UtlyserHordaland kunstsenter
Region eller fylkeVestland
TypeKunstkonsulentoppdrag
Prosjektbudsjett2 600 000 NOK
Søknadsfrist
Kunstkonsulent for Nye Trudvang skule
Hordaland kunstsenter utlyser på vegne av Sogndal kommune oppdrag som kunstkonsulent for nye Trudvang skule. Skulen er for tida under bygging, og er venta endeleg ferdigstilt januar 2029.
UtlyserHordaland kunstsenter
Region eller fylkeVestland
TypeKunstkonsulentoppdrag
Prosjektbudsjett2 600 000 NOK
Søknadsfrist

Nye Trudvang skule er planlagd for 700 elevar på 1. – 7. trinn og SFO i Sogndal sentrum. Skulen får også idretts- og aktivitetsanlegg i form av ein 2/3-dels fleirbrukshall, og bygget er organisert rundt eit opent og lyst fellesrom som dannar hjartet i skulen. Uteområdet, og den planlagde takhagen inviterer i lag med dei varierte romma i skulen til aktivitet, samspel og fleksibel bruk, både fysisk og pedagogisk. Målet er ein trygg, inkluderande og stimulerande læringsarena der elevane kan utfolde seg, finne ro, oppleve meistring og utvikle seg i sitt eige tempo.
Skulen vil også fungere som ein møteplass og sosial arena for det omliggande nærmiljøet på kveldstid. Skuleområdet skal vere eit nærområde som blir nytta til leik og sosiale aktivitetar, også utanfor skuletida.
Kunstkonsulenten
Kunstkonsulenten vil fungere som leiar av kunstkomitéen. Kunstkomiteen sine oppgåver kjem fram i dei vedlagde retningslinjene for kunst i offentlege rom i Sogndal kommune. Kunstkomitéen består av representant for Sogndal kommune sitt kunstråd, Kunstbygda Balestrand, byggeprosjektet og sluttbrukar av bygget sjølv. Kunstkonsulent må kunne arbeide sjølvstendig og ha gode samarbeidsevner. Tidlegare erfaring frå oppdrag som kunstkonsulent vil bli vektlagt. Arbeidet i kunstkomiteen vil starte så snart som mogleg.
Det er ønskjeleg at ein kunstkonsulent legg opp til ein arbeidsmåte der skuleelevane får moglegheit til å ta del i prosessen der ein kan finne naturlege rom for det. Sogndal kommune har også eksisterande kunst i sitt eige som tidlegare har hengt i gamle Trudvang skule. Det er ønskjeleg at prosessen ser på moglegheiter for reaktivering av denne kunsten og anna kunst kommunen eig.
Økonomi
Det er satt av ei øvre ramme på 2 600 000 kroner til kunstprosjektet, inkludert kunstkonsulentens honorar/godtgjersle som er satt til inntil 15 % av kunstbudsjettet.
Det er viktig at kunstkonsulenten har god erfaring med budsjettering og prognose, slik at prosjektet ikkje tek på seg unødvendige finanskostnadar.
Teknisk informasjon
Byggekostnader: 537 000 000 eks mva
Sum kunstprosjekt: 2 600 000
Storleik: Totalt areal for bygget er 11 900 m2. Totalt areal uteområde 17 500 m2.
Plassering: Skulevegen 5, 6856 Sogndal
Funksjoner: 700 elevar 1. - 7. skule og SFO for 700 elevar, aktivitets og fleirbrukshall,
omlag 70 tilsette, fasilitetar for drift og reinhald.
Arkitekt: Holar AS, Stiv Kuling AS
Entreprenør: Sogn Samspel AS
Framdriftsplan / tidsramme:
- Haust 2025: Riving av eksisterande bygg og klargjering av tomt
- 2026: Byggeperiode
- Sommar 2027: Byggetrinn 1 ferdig
- Haust 2027: Riving av gamle Trudvang skule ferdig
- 2027 – 2028: Innvendig ferdigstilling
- Vinter 2029: Ferdigstilling
| Prosjektadresse | Skulevegen 5, Sogndal, 6856 |
| Utlyseradresse | Klosteret 17, 5005 |
| Kontaktperson | Petra Rahm |
| E-post | petra@kunstsenter.no |
| Telefon | 98699454 |
| Vedlegg |