UtlyserMolde kommune
Region eller fylkeMøre og Romsdal
TypeKunstkonsulentoppdrag
Prosjektbudsjett3 000 000 NOK
Søknadsfrist
Kunstlandskap MIDT - Molde kommune søker kunstkonsulent
Molde kommune søkjer kunstkonsulent til eit stadsspesifikt kunstprosjekt som kan bidra med perspektiv på fellesskap, arv og fornying.
UtlyserMolde kommune
Region eller fylkeMøre og Romsdal
TypeKunstkonsulentoppdrag
Prosjektbudsjett3 000 000 NOK
Søknadsfrist

Molde kommune ligg midt i Møre og Romsdal, og strekkjer seg frå høgfjellet ved Aursjøen i aust til øygruppa ved Midsundet i vest, med eit geografisk spenn på rundt 150 kilometer. I kommunen finn ein fleire viktige kulturmiljø, som til dømes gjenreisingsarkitekturen i Molde sentrum, sjøbuene og bryggjene på Midsund, landskapsvernområdet og middelalderkyrkja på Veøya, og kulturlandskapet og tunskipnadene i Eikesdalen. Sør for Moldefjorden ligg det storslåtte Moldepanoramaet, som har gjort Molde til ein populær turistby sidan 1800-talet.
Kommunen har 33 000 innbyggjarar, og blei samanslått av dei tre kommunane Nesset, Midsund og Molde i 2020. Kommunen består av fleire lokalsamfunn som har ulike kulturar og identitetar. Næringslivet er variert og omfattar mellom anna industri, teknologi, fiskeri og oppdrett, landbruk, handel og reiseliv. Molde by er sentrum i kommunen, og er i tillegg regionalt administrasjonssenter med sjukehus og høgskule.
Kulturlivet i Molde er kanskje mest kjent for jazz og fotball, men består òg av fagmiljø innan kulturarv, teater, biletkunst og litteratur, i tillegg til ei svært mangfaldig frivilligheit innan kultur, idrett og friluftsliv. Fleire viktige kulturpersonlegdomar har sterk tilknyting til området, som til dømes Bjørnstjerne Bjørnson, som vaks opp her, og Kurt Schwitters, som budde på Hjertøya i Molde om somrane i 1930-åra. Frå vår eiga tid kan me trekke fram både Ane Brun, Jo Nesbø og Joar Nango, som alle har vokse opp i Molde.
Retning og tematikk i prosjektet
Med utgangspunkt i Nasjonaljubileet 2030, ønsker Molde kommune med Kunstlandskap MIDT å invitere lokalbefolkninga til ei felles utforsking av kven me er i dag og kva slags samfunn me ønsker å vere. Prosjektet er ei moglegheit til å finne fellesnemnarar som kan knyte folk saman, samtidig som ein anerkjenner og byggjer forståing for mangfaldet av identitetar, tradisjonar og meiningar som finst her.
Molde kommune ønskjer at prosjektet og prosessen skal bidra til å skape rom for refleksjon og samtale i tråd med verdiane som ligg til grunn for Nasjonaljubileet, og legg særleg vekt på fellesskap, arv og fornying.
Kommunen ønskjer eit permanent, stadsspesifikt kunstprosjekt med ein tydeleg relasjon til Moldesamfunnet, og som inviterer innbyggjarane inn i prosessen i ulike fasar av prosjektet. Planlegging og gjennomføring av medverknadsaktivitetane bør skje i samarbeid mellom kunstkonsulenten, kunstutvalet, kunstnaren og kommuneadministrasjonen. Molde kommune arbeider mykje med medverknad, blant anna gjennom innbyggjarlaben i Molde sentrum, og denne erfaringa vil det vere naturleg å dra nytte av i Kunstlandskap MIDT.
Kunstkonsulenten skal arbeide tett med kunstutvalet, som skal bestå av både fagpersonar frå biletkunstfeltet, representantar for kommuneadministrasjonen og innbyggjarrepresentantar.
Den konkrete plasseringa av kunstverket er enno ikkje bestemd, og å finne ein eigna stad blir difor ein del av konsulenten og kunstutvalet sitt arbeid med kunstplanen, med utgangspunkt i faglege innspel og innspel frå innbyggjarane i kommunen.
Molde kommune tek atterhald om politisk godkjenning av prosjektet i Molde kommunestyre den 18. juni 2026. Sjå vedlegg for fullstendig utlysing og nærare informasjon om oppdraget og kvalifikasjonskrav.
| Prosjektadresse | Rådhusplassen 1, Molde, 6413 |
| Kontaktperson | Astrid Bøe Drejer |
| E-post | astrid.drejer@molde.kommune |
| Telefon | 94856292 |
| Vedlegg |