UtlyserUlstein og Herøy kommunar
Region eller fylkeMøre og Romsdal
TypeKunstkonsulentoppdrag
Prosjektbudsjett3 000 000 NOK
Søknadsfrist
Kunstlandskap MIDT - Ulstein og Herøy kommunar søkjer kunstkonsulent
Nabokommunane Ulstein og Herøy ligg på Sunnmøre, mot storhavet, med vakre øylandskap og sterk maritim identitet. Dette kunstsamarbeidet skal styrkje samhald og bykvalitet.
UtlyserUlstein og Herøy kommunar
Region eller fylkeMøre og Romsdal
TypeKunstkonsulentoppdrag
Prosjektbudsjett3 000 000 NOK
Søknadsfrist

Nabokommunane Ulstein og Herøy søkjer ein felles kunstkonsulent eller ein kunstkonsulentduo til utvikling og gjennomføring av eit kunstprosjekt i regi av Kunstlandskap MIDT. Prosjektet skal vere i tråd med nasjonaljubileet 2030 sitt verdigrunnlag.
Ulstein og Herøy har begge ein sterk identitet knytt til hav, industri og innovasjon. I ei tid prega av raske endringar og uro, ønskjer kommunane å utvikle kunst som opnar for fleire stemmer og nye blikk på kven vi er og kven vi kan bli, og som bidreg til levande møteplassar der fleire kjenner seg heime.
Dei siste åra har begge kommunane hatt fokus på byutvikling. Det vart tilsett sentrumskoordinatorar med støtte frå fylkeskommunen og lokalt næringsliv med mål om å skape eit levande sentrum og styrkje samarbeid på tvers av offentlege og private aktørar. Fokuset på sentrumsutvikling har ført til tettare dialog og auka kunnskapsdeling mellom kommunane, noko dette kunstsamarbeidet er eit direkte resultat av.
Om samarbeidet
Kommunane ønskjer å bruke kunst som ein aktiv del av byutviklinga, og som ein måte å styrkje eksisterande møteplassar på, samt skape nye møteplassar som styrkjer fellesskap og identitet. Samarbeidet gir høve til å sjå regionen i samanheng og til å utvikle prosjekt som både tek utgangspunkt i lokale særpreg og verkar på tvers av kommunegrensene.
Målet med prosjektet er å fremje inkludering, mangfald, identitet og samarbeid gjennom kunst på tvers av generasjonar, fagområde, kjønn, bakgrunn og livserfaring. Kommunesentera og byane Ulsteinvik (Ulstein) og Fosnavåg (Herøy) har ulik bystruktur, kvalitetar og uttrykk, med både historiske og nyare element, og gir eit spennande utgangspunkt for å utforske samspel og samanhengar mellom byane.
Det skal skapast kunst som synleggjer kommunesamarbeidet, løftar lokal identitet og felles identitet, og utforskar ein meir inkluderande identitet. Den lokale identiteten er sterkt forankra i det maritime og i industri, og det mannsdominerte perspektivet som høyrer med. Vi ønskjer at kunsten skal belyse temaet identitet, med fokus på mangfald, arv og tradisjon i møte med fornying og innovasjon, samt lokal patriotisme i møte med ei eventuell kommunesamanslåing, som er ein stadig pågåande debatt.
Kunstkonsulenten eller kunstkonsulentane vert oppmoda til å kaste eit friskt blikk på øysamfunna våre – kva har dei to kommunane til felles utover det openberre knytt til landskap, klima og næringsliv? Er det noko vi med røter her kanskje overser? Det skal skapast to verk som står godt på eigne bein, og som samstundes har tydeleg samanheng.
Resultatmål for prosjektet er tydeleg auka trivsel og opphaldskvalitet i sentrum, samt ei oppleving av eit meir levande og inviterande byrom. Prosjektet skal bidra til å styrkje kjensla av: «Her vil eg bu», «Her høyrer eg til» og «Det skjer her».
Sjå vedlegg for fullstendig utlysning og nærmare informasjon om oppdraget.
| Prosjektadresse | 6065 Ulsteinvik og 6090 Fosnavåg (to kommunesenter) |
| Kontaktperson | Rebekka Louise Knotten |
| E-post | rebekka@ulstein-nf.no |
| Telefon | 95927799 |
| Vedlegg |